Avslutt løpet
Når siste løpar er i mål, skal alle ha ein status, feil skal rettast, og resultatlista skal til Eventor. Resultata i OriGo er alt live — det finst inga eiga publisering der.
1. Sjekk at alt er sendt
Delen «1. Sjekk at alt er sendt»Har nettet vore borte, står det ein teljar for det som ventar på å bli sendt. Vent til han er tom før du går vidare.
2. Gi status til dei som manglar resultat
Delen «2. Gi status til dei som manglar resultat»Opne «Avslutt løpet». Øvst står alle utan resultat, med eit forslag: «Ikkje starta» for dei som aldri starta, «Brote» for dei som aldri kom i mål. Endre der det trengst, og set status på alle med eitt trykk. Det krev nett; utan nett er ingenting endra.

3. Rett det som er feil
Delen «3. Rett det som er feil»Trykk «Kontroller resultata» på «Avslutt løpet»: OriGo reknar kvart resultat ut på nytt frå brikkeavlesinga, og «Rett N resultat» rettar avvika. Resten rettar du på løparen i «Deltakarar». Var ein post daud, merkjer du han i «Postar» og sjekkar stemplingane på nytt.

4. Send resultatlista til Eventor
Delen «4. Send resultatlista til Eventor»Tilbake på «Avslutt løpet» vel du under «Fakturering» om alle påmelde skal betale, eller berre dei som starta. Trykk så «Publiser resultatlista i Eventor». Du får lenkja til lista og strekktidene tilbake. Står det avvik mot brikkeavlesingane, stoppar publiseringa til du har kontrollert dei eller trykt «Publiser likevel». Utan API-nøkkel lastar du ned fila og lastar ho opp i Eventor sjølv. Løparane får plasseringa si som varsel når lista går ut.
5. Send fakturaene
Delen «5. Send fakturaene»Fakturerer klubben frå OriGo, opnar du «Oppgjer» når alle dagane er avslutta, ser over grunnlaget, vel avsendar og kanal, og trykkjer «Send N fakturaer» og så «Stadfest og send». Fakturerer de frå Eventor, er de ferdige.

