Bemann starten
På start skal du vite kven som er ute i skogen, og at alle har rett brikke. Alt skjer i «Startregistrering» i sidemenyen.
1. Vel «Opprop» for trekte starttider
Delen «1. Vel «Opprop» for trekte starttider»Det store talet er starttida som blir ropt opp no. Med − og + stiller du kor mange minutt før start oppropet skjer. Lista rullar vidare med klokka.

2. Filtrer på startbåsen din
Delen «2. Filtrer på startbåsen din»Har løpet fleire startar, trykkjer du «Kø» og vel startpunkt, løype eller klasse. Då ser du berre løparane dine.

3. Kryss av dei som møter
Delen «3. Kryss av dei som møter»Trykk på sirkelen framfor namnet. Brikkenummeret står i rada; blyanten opnar løparkortet, der du rettar det. Den raude rada «… har ikkje møtt» tek deg til dei som er seine.

4. Fri start: les brikka
Delen «4. Fri start: les brikka»For klassar med fri start trykkjer du brikkeikonet («eScan») eller søket. Les brikka, sjekk at nummeret stemmer, og trykk «Set starta».


