Påmelding på arena
«Påmelding» er skranken på arena: her melder du på etteranmelde, deler ut leigebrikker og rettar påmeldingar før start.
1. Opne «Påmelding»
Delen «1. Opne «Påmelding»»Du finn ho under løpsdagen i sidemenyen. Lista viser dei påmelde med klasse og starttid.

2. Finn løparen
Delen «2. Finn løparen»Skriv namn, klubb eller brikkenummer i søkjefeltet. Har du ein brikkelesar, trykkjer du brikkeikonet («eScan») over lista og legg brikka på lesaren.
3. Rett det som er feil
Delen «3. Rett det som er feil»Kortet viser klasse, løype, startnummer, starttid og brikke. Stemmer alt, trykkjer du «Oppdater påmelding». Skal klasse eller brikke endrast, trykkjer du «Endre påmelding»; skal brikka til ein annan løpar, «Gi brikka til ny løpar».

4. Meld på ein ny løpar
Delen «4. Meld på ein ny løpar»Trykk pluss-knappen og søk opp personen — då hentar OriGo klasse og brikke frå Eventor. Finst personen ikkje, trykkjer du «Registrer manuelt». Vel klasse og brikke. Under «Betaling» står «Å betala»: ta betalt, og vel «Kontant» eller «Vipps». Trykk «Meld på».
5. Les opp kvitteringa
Delen «5. Les opp kvitteringa»Øvst står startnummeret, starttida og gaflinga løparen fekk. Sei dei til løparen, så er du klar for neste.
- Ein løpar utan klubb som ikkje betaler på staden, får faktura på e-post etter løpet. «E-post for faktura» må vere fylt ut før du kan melde på.
- Kostar påmeldinga ingenting, som på ei trening utan avgift, er «Betaling» borte. Då melder du på utan e-post og utan å ta betalt.

