Gå til innhaldet

GPS-sporet frå klokka

Koplar du klokkekontoen din til OriGo, hamnar sporet frå løpet ditt i strekkanalysen av seg sjølv — du treng ikkje laste opp noko. Du gjer det éin gong, på personsida.

Gå til «Profil» og trykk på namnet ditt under Eventor. Under «Klokke og GPS-spor» står produsentane du kan kople til. Trykk på din.

Personsida med Polar og Garmin under «Klokke og GPS-spor»

2. Godta delinga og kople til

Delen «2. Godta delinga og kople til»

Slå på «Del spora mine med dei andre i klassen når løypene er publiserte», og trykk «Kople til Garmin» eller «Kople til Polar». Du loggar inn hos Polar eller Garmin og godtek at OriGo får hente øktene dine.

Samtykket slått på og «Kople til Garmin»

3. Spring med klokka

Delen «3. Spring med klokka»

Etter løpet synkroniserer du klokka som vanleg. OriGo finn økta som passar med starttida, måltida og staden for løpet ditt, og legg sporet på resultatet ditt. «Siste spor» viser når det sist kom eitt.

Garmin er kopla til, med siste spor og «Hent spor no»

Kom ikkje sporet?
  • OriGo treng både starttida og måltida di. Blir brikka lesen ut litt etter at klokka er synkronisert, kjem sporet like etter. Kom resultatet meir enn to timar seinare, trykkjer du «Hent spor no» på personsida.
  • Klokka må ha gått det meste av løpet og ha vore ved starten då du starta.
  • Polar gir berre økter frå dei siste 30 dagane, og berre dei som er synkroniserte etter at du kopla til. Eit eldre løp lastar du opp som GPX-fil på påmeldinga di i resultatlista.
  • Har du lasta opp ei GPX-fil sjølv, står ho. Klokka erstattar ho ikkje.
Apple Watch og Apple Health

I OriGo-appen på iPhone står òg «Apple Health». Slå på delinga, trykk «Kople til Apple Health» og godta at OriGo får lese treningsøktene og rutene dine. Du loggar ikkje inn nokon stad.

  • Sporet blir henta når klokka er synkronisert med iPhonen, òg når OriGo er lukka. Er ikkje brikka lesen ut enno, kjem sporet like etter at ho er det.
  • Berre øktene rundt løpa dine blir lesne, og berre ruta frå like før start til like etter mål forlèt telefonen.
  • Kom ikkje sporet? Opne Helse-appen, trykk på profilbiletet, vel «Apper» og «OriGo», og sjekk at treningsøktene og rutene er slått på.
  • Ei anna klokke som legg ruta i Apple Health, verkar på same måten. Garmin gjer ikkje det sjølv: der lastar du opp GPX-fila på påmeldinga.
Fleire Eventor-profilar

Har du profilar i fleire forbund, koplar du den same klokkekontoen til kvar av dei. Sporet hamnar på løpet uansett kva forbund det høyrde til.

Kven ser sporet, og korleis koplar eg frå?
  • Du ser sporet ditt med ein gong. Dei andre ser det når løypene er publiserte, og berre i klassar som viser tider. Under kartet står kva klokke sporet kom frå.
  • «Kople frå» på personsida stoppar hentinga. Du vel sjølv om spora som alt er henta, skal takast vare på eller slettast.
  • Strava kan ikkje koplast til: Strava lèt ikkje andre enn deg sjølv sjå sporet ditt.