Set opp eit løp frå Eventor
Eit terminfesta løp kjem inn frå Eventor av seg sjølv, med klassane og påmeldingane. Du legg inn løypene, trekkjer startlista og publiserer. Du må stå som arrangør i klubben i Eventor, og klubben må ha lisens.
1. Opne løpet
Delen «1. Opne løpet»Løpa klubben arrangerer, står på startsida. Trykk på løpet ditt.

2. Trykk «Set opp løpet»
Delen «2. Trykk «Set opp løpet»»Kortet står i sidemenyen, og viser kor langt du er komen. Vegvisaren hentar påmeldingane frå Eventor kvar gong han blir opna.

3. Last opp løypefila
Delen «3. Last opp løypefila»Trykk «Legg til løype» og vel fila frå Purple Pen eller OCAD. Klassane blir kopla til løypene fila nemner. Ein klasse med «Ikkje valt» i raudt manglar løype — trykk på han og vel.

4. Trekk startlista
Delen «4. Trekk startlista»I «Startform» er dei klassane som skal ha trekt starttid, slått på. Sjekk første start og intervallet, og trykk «Trekk startlista».

5. Les gjennom trekninga
Delen «5. Les gjennom trekninga»Etterpå står kor mange som fekk starttid. «Startliste (PDF)» gir lista klassevis, så du kan sjekke ho før ho blir publisert.

6. Del ut startnummer
Delen «6. Del ut startnummer»Standarden er fortløpande nummer frå 100, og nye påmeldingar får nummer av seg sjølve. Står det at nokon manglar nummer, trykkjer du «Del ut startnummer».

7. Publiser
Delen «7. Publiser»Sjekklista øvst viser det som manglar — trykk på ei rad for å rette ho. Trykk så «Publiser startlista i Eventor» og slå på «Publiser startlista» for appen. Løparane får starttida som varsel.

8. Publiser i OriGo-appen
Delen «8. Publiser i OriGo-appen»Når påmeldinga i Eventor er stengd, trykkjer du «Hent påmeldingane frå Eventor» og slår på «Publiser i OriGo-appen». Då ser deltakarane påmelde og startliste frå OriGo, og livesenteret på løpsdagen.

Gafla løyper, avgifter og fleirdagsløp
Er ei løype gafla, dukkar steget «Gaflingar» opp etter «Startnummer». Eit løp frå Eventor får òg steget «Avgifter og leigebrikker». Eit fleirdagsløp viser éin dag om gongen, med dagveljaren øvst i kvart steg.

