Gå til innhaldet

Logg inn og kople til Eventor

Du kan melde deg på utan konto, men med ein OriGo-konto kopla til Eventor-brukaren din blir løpa dine samla på éin stad: påmeldingar, starttider og resultat står under «Mine løp», og du slepp å logge inn med Eventor kvar gong du melder deg på. Rekkjefølgja spelar inga rolle — det går fint å kople til etter at du har meldt deg på.

1. Opprett konto eller logg inn

Delen «1. Opprett konto eller logg inn»

Opne menyen og vel «Profil». Er du ny, vel du «Opprett konto» øvst og skriv e-postadressa di. Har du konto, loggar du inn med e-postadressa di. Google og Apple verkar begge vegar. Du kan òg logge inn rett frå framsida, under «Mine løp».

Profilsida før innlogging

2. Skriv inn eingongskoden

Delen «2. Skriv inn eingongskoden»

Trykkjer du «Opprett konto» eller «Logg inn med e-post», får du ein eingongskode i innboksen. Skriv han inn: du blir logga inn så snart koden er fylt ut. Koden er gyldig i 10 minutt, og «Send ny kode» gir deg ein ny om han ikkje kjem fram.

Eingongskoden

3. Legg til Eventor-brukaren din

Delen «3. Legg til Eventor-brukaren din»

No er du logga inn. Under «Eventor Norge» trykkjer du «Kopla til Eventor-brukar». Du kan òg kople til rett frå framsida, under «Mine løp».

Profilsida etter innlogging

4. Logg inn med Eventor

Delen «4. Logg inn med Eventor»

Skriv inn brukarnamnet og passordet ditt i Eventor og trykk «Logg inn». OriGo hentar namnet, klubben og brikkenummeret ditt frå Eventor, men lagrar aldri passordet. Har du ingen Eventor-brukar, kan du registrere deg derifrå.

Innlogging med Eventor

5. Eventor-brukaren er kopla til

Delen «5. Eventor-brukaren er kopla til»

Namnet og klubben din står no under «Eventor Norge».

Eventor-brukaren er kopla til

6. Legg til familien

Delen «6. Legg til familien»

Spring borna i same klubb som deg? Trykk «Legg til familiemedlem», søk opp barnet og trykk på namnet. Du treng ikkje Eventor-innlogginga deira.

Klubblista med klubbmedlemmene

7. Familien står på kontoen

Delen «7. Familien står på kontoen»

Familiemedlemmene står under deg, merkte «Familie». Krossen bak namnet fjernar eit familiemedlem.

Profilsida med to familiemedlemmer

8. Løpa under «Mine løp»

Delen «8. Løpa under «Mine løp»»

På framsida står no løpa du og familien er påmelde, med klasse og starttid, til to dagar etter løpet. Inne på løpet står de òg på korta for påmelding, start og livesenter. Melder du på i OriGo medan du er logga inn, står familien klar øvst, og du hoppar rett over Eventor-innlogginga.

Mine løp med KM Sprint

«Logg ut» og «Slett konto» finn du under «Konto» på profilsida.

Logge inn med passord

Vil du sleppe eingongskoden, kan du setje eit passord. Første gong du loggar inn, spør appen om det; hoppar du over, finn du det seinare under «Profil», «Set passord». Der får du ein kode på e-post først, så vi veit at det er du som eig adressa. Neste gong trykkjer du «Logg inn med passord» under e-postfeltet.

  • Passordet må ha minst 10 teikn.
  • Har du gløymt passordet, loggar du inn med eingongskode som før og set eit nytt under «Set passord».
  • Du får ein e-post kvar gong passordet blir endra.
Byte e-postadresse

Under «Profil» trykkjer du «Endre e-post» og skriv den nye adressa. Du får ein kode til både den gamle og den nye adressa, og skriv inn begge. Eventor-brukarane og familien din følgjer med til den nye adressa.

  • Har du ikkje lenger tilgang til den gamle adressa, kan du logge inn med den nye og kople til Eventor-brukaren din på nytt.
Ny klubb eller feil opplysningar

Medlemskapa og personopplysningane dine vart henta frå Eventor då du kopla til. Har du bytt klubb, manglar eit medlemskap eller er noko feil, trykkjer du på namnet ditt under Eventor og så «Oppdater frå Eventor». Logg inn med Eventor, så blir opplysningane henta på nytt.

  • Er noko feil i sjølve Eventor, må du rette det der først.

«Oppdater frå Eventor» nedst på personsida

Familiemedlemmer
  • Du kan berre leggje til medlemmer av ein klubb du sjølv er medlem i.
  • Byter barnet klubb, eller melder du deg ut, forsvinn barnet frå lista til de er i same klubb igjen.
  • Du kan ha opptil ti familiemedlemmer.
  • Eit familiemedlem gir ingen tilgang til arrangørappen, heller ikkje om barnet er medlem i klubben som arrangerer.
  • Har barnet sin eigen Eventor-brukar, kan du òg kople han til med «Kopla til Eventor-brukar». Då er barnet ein del av kontoen din på lik line med deg sjølv.
  • Slettar du kontoen, forsvinn familiekoplingane. Barnet sin eigen konto blir ikkje rørt.